Ymse ord og uttrykk karakteristiske hovudsakleg frå Lærdal, Indre Sogn. Ein lyt ta høgd for at mykje som høyrer til her òg kan høyre til andre dalføre, men det som vert skrive her høyrer i det minste til i Lærdal.
Sidan eg har greidd å grava fram nokre bøker og ymse på biblioteket ("Generasjonsskilnad i indresognsmål", Andreas Bjørkum; "...sa sogningen til fjordingen - målføre i Sogn og Fjordane", Per A. Ølmheim; "Ei ordsamling frå Lærdal frå 1811", tidsskriftet Talatrosten, 1997), er eindel naturleg nok henta derfrå. Desse bøkene nyttar fellesnemninga indresognsmål om Lærdal, Årdal og Luster, unnateke Jostedalen, og grunna målføra si natur i desse bygdene er mange ord, uttrykk og dialektale trekk felles her. For å ha sagt det: målføret i Aurland høyrer til mitresognsmålet, og Jostedalen skil seg òg frå Indre sogn grunna slektskap med dialektane vest- og nordanfor.
Når det gjeld skrivemåten, skriv eg orda rett fram så langt eg er i stand til det. Ein apostrof signaliserar bortfall av skriftteikn (e' = eg; ha'kje = har ikkje). Grunnen er at det blir for upraktisk å halde seg til rettskrivingsnormene her. Det får de berre tole!
Det skulle ikkje forundre meg om det snik seg inn ein og annan slem feil. Då er det berre å seie ifrå. Det gjeld jamvel om nokon har forslag til ord eller har noko å innvende på det eg har skrive. Nytt epostadressa mi: wendelbo@gmail.com
Til etterretning: sida er inspirert av, men ikkje ein kopi av, ei side som allereie har eksistert ei stund: aordal.blogspot.com
Om Lærdal og dialekttilhøva
I "Generasjonsskilnad i indresognsmål" frå 1974 deler Andreas Bjørkum Lærdal inn i tre område:
- Nedre Lærdal Dette området hadde tradisjonelt meir kontakt med andre kommunar grunna den geografiske plasseringa. Difor mangla ein her eindel element ein kunne finna ellers i kommunen, som til dømes levande bruk av dativ og eindel skilnader i orda, samstundes som ein hadde meir påverknad frå andre område.
- Øvre Lærdal (Tønjum og oppover) Her kunne ein finna særeigne trekk, som til dømes samanfall av vokalane y og i, noko som tidlegare hadde vore vanleg i heile Lærdal men som forsvann frå Nedre L. i 1930-åri. Øvre L. har dessutan bevart mange andre element som forsvann frå Lærdalsøyri på eit tidlegare tidspunkt.
- Borgund Dette område var eige hered i ein periode frå 1864, og har vore relativt ulikt på grunn av meir kontakt med Hallingdal og Valdres i aust. I mange tilfelle finn ein likheitar mellom desse stadene i dativformer og i ordforråd.
Ein viktig grunn til at desse skilnadane innanfor det som no er èin kommune heldt seg så lenge, er at kvart område hadde eigen skule og påverkinga frå andre område difor var svært mykje mindre enn i dag. Ein annan faktor var vegar/transport, ein kunne ikkje ferdast att og fram i dalen på langt nær same vis som ein gjer i dag. Det er i dag meir "trekk" i dalen og skilnadene vert slik viska ut, samstundes som at utflytting (om ikkje anna så iallefall i periodar) og massemedia sjølvsagt har påverka mykje, særleg når det gjeld ordforråd. Uttalen må kunne seiast å halde seg relativt godt, tatt alle faktorar i betrakting.
1 kommentar:
Veit du om trast blir brukt andre stader i Norge?
Legg inn en kommentar