Verb
Dette er eit interessant verb, og eg har nokre teoriar rundt det som eg på ingen måte har funne haldepunkt for, men så har eg ikkje leita heller.
Verbet tyder 'å møta', i tydinga møta dyr under jaging. Dei som ikkje har erfaring med jaging av dyr kjenner nok ikkje denne tydinga: å møta dyra når ein jagar, tyder å stoppa dei og hindra dei i å snu og springa tilbake att der dei kom frå. Det er som regel tilstrekkjeleg å gaula litt og laga litt søg, så kjem dei på betre tankar og spring der det er meininga dei skal springe.
Å begja og å møta er altså to verb som tyder det same. Eg mistenkjer personleg at begja er eit eldre ord, medan møta er teken i bruk seinare, kanhenda på grunn av drengar frå andre stader som ikkje har kjennskap til ordet begja. Ordet møta verkar jo som eit logisk ord å bruka, ein kjem jo dyra i møte når dei vender; begja er, såvidt eg veit, ikkje eit ord som ein finn i andre samanhengar.
Om nokon føler for å motbevisa meg er det berre å slå til.
Eksempel:
"Seuedn hass Jan ha bråte se jåno jeringi. No lyt'n ut og begja!"
måndag 25. februar 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar