laurdag 16. februar 2008

endebeint

Adverb/adjektiv (?)

Eit ikkje uvanleg ord å støta på i dag. Det tyder 'enkelt' eller 'greitt'.
Korvidt det er adjektiv er eg ikkje bombesikker på, ein finn det ofte som predikativ i setninga så då må det vel kunne klassifiserast som adjektiv.

Eksempel:
"De' ekje so endebeint å vøla sleke moderne bila."
"Han hakje re so endebeint, stakkar."

Ingen kommentarer: