måndag 25. februar 2008

i aovelta

Adverb

Når noko har kome i aovelta, vil det seie at noko har velta eller er [fallen, ramla] overende.

Eksempel:
"Traktor'n hass Jens ligge i aovelta pao marken."

å begja (har begd)

Verb

Dette er eit interessant verb, og eg har nokre teoriar rundt det som eg på ingen måte har funne haldepunkt for, men så har eg ikkje leita heller.
Verbet tyder 'å møta', i tydinga møta dyr under jaging. Dei som ikkje har erfaring med jaging av dyr kjenner nok ikkje denne tydinga: å møta dyra når ein jagar, tyder å stoppa dei og hindra dei i å snu og springa tilbake att der dei kom frå. Det er som regel tilstrekkjeleg å gaula litt og laga litt søg, så kjem dei på betre tankar og spring der det er meininga dei skal springe.

Å begja og å møta er altså to verb som tyder det same. Eg mistenkjer personleg at begja er eit eldre ord, medan møta er teken i bruk seinare, kanhenda på grunn av drengar frå andre stader som ikkje har kjennskap til ordet begja. Ordet møta verkar jo som eit logisk ord å bruka, ein kjem jo dyra i møte når dei vender; begja er, såvidt eg veit, ikkje eit ord som ein finn i andre samanhengar.

Om nokon føler for å motbevisa meg er det berre å slå til.

Eksempel:
"Seuedn hass Jan ha bråte se jåno jeringi. No lyt'n ut og begja!"

måndag 18. februar 2008

trast

Adverb

Tyder 'straks', 'snart', 'om litt'. Det er altså eit tidsadverb, for å få sagt det.

Eksempel:
"Berre start traktoren, e' kjemme trast"

laurdag 16. februar 2008

grøtele

Adjektiv

Tyder 'trist', 'leit'. Er mest å finna som predikativ (altså saman med verb av typen bli, verte, vere).

Eksempel:
"Reigna de' no att? Nei, høyrd so grøtele!"

endebeint

Adverb/adjektiv (?)

Eit ikkje uvanleg ord å støta på i dag. Det tyder 'enkelt' eller 'greitt'.
Korvidt det er adjektiv er eg ikkje bombesikker på, ein finn det ofte som predikativ i setninga så då må det vel kunne klassifiserast som adjektiv.

Eksempel:
"De' ekje so endebeint å vøla sleke moderne bila."
"Han hakje re so endebeint, stakkar."

fredag 15. februar 2008

gjel

Substantiv

Ordet tyder eit stup eller ei fjellkløft, av den sorten ein finn mykje av oppetter fjellsidene i indre Sogn. Det er nok i bruk mange andre stader òg.

Eksempel:
"Passa pao so ru ikkje ramla ne' gjele og slaor de' spent ihel."

hålkabrok

Substantiv

Det dreier seg sjølvsagt om ei spesiell type brok (bukse for dei som skammeleg nok ikkje er heilt med), nemleg ei bukse som går ned til kneet. Altså ei kortbukse eller ein nikkers.
Hålkabrok er framleis, om enn i meir moderne versionar, eit populært plagg; sjølve ordet er derimot sjeldan.

Eksempel:
"Nei, du kan'kje reisa te kjørkjes i hålkabrok."

torsdag 7. februar 2008

å budla

Verb

Dette verbet er i full vigør den dag i dag, noko som kan tyda på at ein framleis budlar i monn i Lærdal (og Indre sogn generelt).
Verbet tyder, som alle veit, 'å søle'.

Det vert dessutan brukt i det faste uttrykket "å budla og regna", altså når det regnar i lange periodar som verkar å aldri ta slutt.

Eksempel:
"Tru'ru fa'n ikkje e' ha budla pao broki mi no att?!"
"De' ha' budla å raigna i haile dag."

jakkladn

Substantiv (ub.fl.)

Eg har vald å bruke den ubestemte fleirtalsforma, sidan det er den eg er tryggast på. Når me snakkar om jakkladn, er det 'jekslane' det gjeld.
Det er vanskeleg for meg å seie korleis det bøygest i dei ulike formene, for det er sjeldan ein høyrer ordet lenger: det vanlegaste er å snakka om 'jekslane', noko tilflytte tannlegar muligens skal ha skulda for. Eg prøver å bøygja det so loll:
ein jakedl - jakedln - jakkla - jakkladn

Mulig at eg bommar grovt, men epostadressa står på venstresida så det er berre å korrigera.

Eksempel:
"Hu'n, e' ha' so ilt i jakkladn. E' låta sta aot smeen."

onsdag 6. februar 2008

jeleink

Substantiv

Med jeleinken meinar man området midt under foten, mellom hælen og tærne (ja, det skrivast slik på nynorsk). Det er altså fotsålen.

Eksempel:
"Nai, e' orka'kje upp i fjeddlo, e' ha' so ilt i jeleinken"

måndag 4. februar 2008

å spanta

Verb

Tyder 'å spandera'.
Eg misteinkjer at ordet er av nyare dato. Eg misteinkjer vidare at det ikkje nødvendigvis kjem frå Lærdal: det har noko Årdal-aktig over seg. Dette er berre kva eg teinkjer, om nokon har skappleg info kan dei maila meg.

Eksempel:
"Kom her, e' spanta ei flaska vørterøl pao 're."

søndag 3. februar 2008

å kveikja

Verb

Dette ordet kling valdsamt bra i mine øyre. Det tyder 'å tenna på', alså som i å tenna på eit stearinlys eller eit hus eller noko som skal brenna.

Eksempel:
"No faor du kveikja ljose no, rao. E' sekje ain grann."

ambå

Substantiv

Tyder opphaveleg 'reidskap', men vert mest brukt i tydinga 'bestikk'.

Eksempel:
"Ete'ru me fingradn? Ha'kjeru lerd å brøka ambå?"