onsdag 30. januar 2008

jåt, drug

Adjektiv

To ord som eg vel å gje same definisjonen, sidan eg personleg ikkje kan sjå noko skilnad i tydinga. Det er berre å retta på meg om det skulle vera på sin plass.

Presten Rodtwidt definerte i 1811 ordet jåt (som han stava "liaat") som "fæl, styg". Det skulle nok gjelda for drug òg. Eg legg dessutan til meir moderne definisjonar, som 'sjovel' og 'overdriven'.

Eksempel:
"Saog du 'na filmen pao fjednsyne i jaor? Den va' drug!"
"Ho e' so jåt naor ho kjeme i 'na fela dåsi si."


Retting!
Eg har i seinare tid diskutert dette med andre og eg må retta på definisjonane:
med ordet jåt er det snakk om 'fæl', 'stygg' fyst og fremst i samanheng med utsjånad, men ikkje berre;
ordet drug er ein lokal version av ordet 'drøy', noko som er drugt er altså 'overdrive', meir enn normalt.

Desse orda kan stort sett ikkje bytast med kvarandre utan at eit utsagn endrar meining.

2 kommentarer:

Gudmund sa...

Eg har alltid tolka "drug" som ein lokal variant av "drøy".

Oddbjørn Wendelbo sa...

Det er gjerne det òg, men tydinga er neppe 100%:
ein kan seie "en drøy uke" med tydinga 'litt meir enn ei veke', medan "ei drug veka" ville vera noko heilt anna...