onsdag 30. januar 2008

inkjevetta

Adjektiv

Noko, eller helst nokon, som er inkjevetta, er noko(n) som er 'tankelaus', 'vetlaus', eller regelrett 'uintelligent', 'dum'.
Det er eit ord ein ikkje høyrer så mykje til lenger.
Ordet er synonymt med damlaus (skulle eg meine), og er i slektskap med ordet litevetta. Det siste må vel kunne tolkast som ei meir moderat form.

Eksempel:
"Ha'n prøft å køyra øve elvi me traktor'n? Han e' no bra inkjevetta!"

jåt, drug

Adjektiv

To ord som eg vel å gje same definisjonen, sidan eg personleg ikkje kan sjå noko skilnad i tydinga. Det er berre å retta på meg om det skulle vera på sin plass.

Presten Rodtwidt definerte i 1811 ordet jåt (som han stava "liaat") som "fæl, styg". Det skulle nok gjelda for drug òg. Eg legg dessutan til meir moderne definisjonar, som 'sjovel' og 'overdriven'.

Eksempel:
"Saog du 'na filmen pao fjednsyne i jaor? Den va' drug!"
"Ho e' so jåt naor ho kjeme i 'na fela dåsi si."


Retting!
Eg har i seinare tid diskutert dette med andre og eg må retta på definisjonane:
med ordet jåt er det snakk om 'fæl', 'stygg' fyst og fremst i samanheng med utsjånad, men ikkje berre;
ordet drug er ein lokal version av ordet 'drøy', noko som er drugt er altså 'overdrive', meir enn normalt.

Desse orda kan stort sett ikkje bytast med kvarandre utan at eit utsagn endrar meining.

tysdag 29. januar 2008

frutta

Preposisjon

No var det på høg tid med ein preposisjon, det har mest vore verb og substantiv her so langt. For ordens skuld: ein preposisjon er ord som "på", "i", "ved", "utanfor" og så bortetter.

Frutta er eit hederleg sogneuttrykk som tyder 'utan' eller 'forutan', altså det motsatte av "med", om ein skal ha det inn med teskjei. Det kan høyrast både titt og ofte i bygdi, somme tider alarmerande ofte.

Eksempel:
"Nei, e' hakje telefonnommere', du faor klara de' frutta. Frutta! Eh.. FORUTEN!"
"Du faor brøka sykkedl, e' e' frutta bil."

bidne

Substantiv

Vart definert av presten Rodtwidt i 1811 som "alle Slags Kar i Huusholdningen" .
Ordet kan høyrast stadig vekk og er eit fenomenalt uttrykk for 'servise', men det verkar å vere på sterk tilbakegong.

Eksempel:
"No faor'u leiggja bidni pao bore', kjåtkakedn e' ferdige"

søndag 27. januar 2008

hankaslaus

Adjektiv

Noko som er hankaslaust er noko som er tankelaust eller gale, altså noko som ikkje heng på greip. Det er mykje brukt, men eg veit lite om det ellers.

Eksempel:
"Han drakk nåkke so hankaslaust i helgi."
"Ha'n fylt diesel pao ain bil me' bensinmotor? Nei nåkke so hankaslaust!"

fredag 25. januar 2008

loll / so loll / alikaloll

Adverb skulle eg meine

Dette er eit ord ein høyrer så ofte at det er ei glede. Det er eit anna ord for 'likevel' eller 'allikevel', alt etter kva ein føler for. Tydina er den same. (Al)likevel kjem frå mellomtysk 'allike wol', ordrett "alt like vel". Kvar ordet loll og dei andre variantane kjem frå må gudane veta.

Eksempel:
"Han sa 'n ikkje skulde reisa pao Oyrn, men so reist'n alikaloll."
"Eru der, loll veitt?" (Eg kan ikkje heilt gjere greie for dette her...)

å pretta

Verb

Dette er eit ord eg berre har kome ut for èi gong, og det var i ei språkspalte på NRK Sogn og Fjordane: der kunne Erling Arvid Hovland, mellom anna kjend som Elle, fortelje om verbet å pretta, som vart mykje brukt i bygdi tidlegare. Det har måtte vika plassen for det meir moderne verbet å kødda. Det tyder altså 'å gjera ap' eller 'å tulla' med nokon.
Elle kunne diverre ikkje gje eit eksempel på verbet i ei setning, men det skal eg saktens greia sjølv.

Eksempel:
"Ha' dikka dreve å pretta me vetlegutn? Han ligge unde tråppi å grete!"

aksl / eksl (?)

Substantiv

Ordet tyder 'skulder'.
Her må eg vedgå at eg er usikker på bøygingsformene: eg kan ikkje hugse å ha høyrd ubestemt eintalsform verte brukt, men det har vel med å gjere at ein sjeldan snakkar om ei eller anna ubestemt skulder slik. Det er helst ei bestemt skulder, eller eksl som eg trur det heiter, som er i fokus. Ofte har ber ein noko oppå den eller har ilt i den.

Bøyginga går altså slik: ei aksl/eksl (?), åksli, eksle,
eksledn.

Eksempel:

"E' kan'kje ut å heingja upp kle, e' ha' so ilt i 'na åksli du veit."

torsdag 24. januar 2008

jordeple

Substantiv

Ordet tyder 'potet', verre er det ikkje. Av ein eller annan grunn verkar det som om jordeple er i ferd med å gå ut av bruk, til fordel for pote.
Jordeple er slett ikkje eksklusivt for Lærdal, det brukast nok også utanfor fylket, men i kva grad skal eg ikkje uttale meg om. Uttrykket er uansett ei direkte oversetjing av tilsvarande ord i mange andre språk, som t.d. fransk (pomme de terre).

Eksempel:
"Hent faun! No ska' jordepli takast!"

tysdag 22. januar 2008

gåv

Substantiv

Ordet tyder hovudsakleg 'sky av støv', og det kan òg brukast om snø. Ei gåv oppstår når det er turt på bakken og vinden på eitt eller anna vis får tak i det lette sandstøvet og lagar ei sky som bles avstad. Denne er ikkje god å havne i. Då er det betre med ei gåv av snø (som stort sett oppstår når snøen er tilårskomen og "turr"), men det beste er å gå klar av slikt i det heile. Ein ser ei gåv som regel når ein bil køyrer over den turre sanden og denne kvirvlar opp. Dei største gåvene finn ein i andre verdsdelar, der ørkenstormar er utbreidde.

Eksempel:
"No er'e jaggu turt, kara. Gåvi staor ette traktor'n naor e' køyre."

måndag 21. januar 2008

tev / snek

Substantiv

Ei lite tiltalande lukt eller odør. Ifylgje mine antenner har snek ein meir negativ konnotasjon, medan tev er nærare nøytralt. Båe er likevel negativt lada ord (stort sett), ein blome kan ikkje avgje ein tev eller ein snek.

Eksempel:
"Fa'n før ein tev / snek, de' mao vera nokken so køyre møk..."

haop

Substantiv

Dette er ein reidskap beståande av ein slags pose av garn, festa på ei stong, som ein nyttar for å få ein fisk som ein har teke med stang, i tryggleik opp på land, utan at denne slit seg laus på grunna. Eit anna ord for denne reidskapen er 'håv'.

Eksempel:
"E' ha fingø fisk! Henta 'na haopi so e' faor'n pao land!"

søndag 20. januar 2008

damlaus

Adjektiv

Betyr heilt enkelt 'dum', 'uintelligent'.

Eksempel:
"Han e' so agaslaust damlaus!"


Substantiv

Eit substantiv av adjektivet eksisterer jamvel: damløyse
Det betyr sjølvsagt 'dumskap', 'det å vera uintelligent'

handrea

Substantiv

Tyder enkelt og greitt 'gelender', altså ein kant som ein held seg fast i når ein går opp og ned trappa
.
Det tilsvarande engelske ordet er 'hand rail', tenk litt på det.

Eksempel:
"E' tor'ikkje gao upp 'na tråppi pao detta hålkeføre frutta handrea"

agaslaust

Adverb

Tyder 'svært mykje', 'valdsamt'
Vert ofte brukt for å omtala vêrforhold.

Eksempel:
"De' blese nåkke so agaslaust!"


Adjektiv

Kan jamvel nyttast som adjektiv, men sjeldnare.

Eksempel:
"Før ein agaslaus vind!"