laurdag 29. mars 2008

skreddl

Substantiv

Tyder 'slag', og er eit ord som ein ofte høyrer på lokale festar.
Det finst jamvel eit verb òg: å skreddla. Dette tyder sjølvsagt å slå, men om eg ikkje tek heilt feil fell det saman med eit anna verb som tyder 'å skrella', som i å skrella poteter.

Eksempel:
"E' berre sto der og hang, åsso fekk e' me ait skreddl øve kjeftn so tennedn spruta" (subst.)
"Viss du ikkje helde kjeftn no snart, so skreddle re'" (verb)

Ingen kommentarer: