laurdag 29. mars 2008

skreddl

Substantiv

Tyder 'slag', og er eit ord som ein ofte høyrer på lokale festar.
Det finst jamvel eit verb òg: å skreddla. Dette tyder sjølvsagt å slå, men om eg ikkje tek heilt feil fell det saman med eit anna verb som tyder 'å skrella', som i å skrella poteter.

Eksempel:
"E' berre sto der og hang, åsso fekk e' me ait skreddl øve kjeftn so tennedn spruta" (subst.)
"Viss du ikkje helde kjeftn no snart, so skreddle re'" (verb)

søg

Substantiv

Tyder 'larm', 'bråk' eller 'støy'. Det er med andre ord ein lyd eller fleire lydar som er så høge at ein vert forstyrra.

Eksempel:
"Fa'n fø' ain søg de e' tao ressa ongadn, altso!"

tysdag 11. mars 2008

å fatna

Verb

Tyder 'å ta fyr'.
Om vinteren er det eit svare strev å få det til å fatna i omnen, om våren er det derimot lett for at det fatnar i det turre graset. Det er dei som har opplevd det òg.

Eksempel:
"Reis sta ette ei bøtta me vattn, no fatna re i grasdungen!"

setlabok

Substantiv

setlabok - setlaboki - setlabøke - setlabøkedn

Ein finn nok dette ordet i ei nynorskordbok om ein berre tek seg møa med å leita det opp.
Det tyder sjølvsagt 'lommebok'.
Ein kan saktens spørje seg kvifor ordet ser sett saman av ordet for 'seddel', kanskje det er meir sedlar enn myntar i omløp i Indre Sogn.

Eksempel:
"E brøkte so mykje paing i helgen atte re fatna i setlaboken"

fredag 7. mars 2008

Namn

Mange namn får ein eigen, lokal variant. Dette er ikkje noko ukjend fenomen andre plassar, men like fullt interessant. Dette gjeld sjølvsagt fornamn. Kva stadnamn gjeld, er det mykje interessant å finna der òg: kasusbruken vert ofte ein fast del av dette (pao Ljøsno) og den muntlege formen er ofte stor skilnad mellom det fastsette, offisielle namnet og det ein brukar til dagleg.

Her er nokre døme på fornamn slik ein kjenner dei frå Lærdal:

Håkon -> Haoko
Kristoffer -> Krestafår
Anders -> Andrøs
Petter -> Pitter
Bård -> Baor

Eg veit det er MANGE andre slike lokale versionar av namn, men det er berre desse eg har notert meg så langt. Forslag?

tysdag 4. mars 2008

å nåjta se'

Verb

Dette refleksive verbet har tydinga 'å benytta seg av ein sjanse", altså å utnytta mogelegheita når ein kan. Det høyrer nok mest til dei eldre generasjonane.

Eksempel:
"Du faor nåjta re no so far din e' vekke"

tvåga

Substantiv

Bøygjest slik: ei tvåga - tvåga - fleire tvåge - tvågedn

Ordet er framleis svært utbreidd. Det tyder 'klut'.

Eksempel:
"E' kan ikkje vaska gålve frutta gålvtvåga!"