søndag 6. april 2008

å møast

Verb

Ordet "møye" (tyder 'strev') finn ein faktisk i nynorsk-ordbøkene, og er ikkje så radt sjeldan å møte på. Verbet har eg personleg ikkje høyrd andre plassar enn i Sogn, men det er vel neppe noko ein finn utelukkande her. Uansett, det er ikkje eit sjeldant uttrykk.

"Å møast" tyder 'å slite, streve, plagast' med noko. Noko som er ei møa (eller møye, som det står i boken).

Eksempel:
"Uff, no ha e møyddest i haila dag me datamaskini"

Ingen kommentarer: