fredag 18. april 2008

i rista

Adverb (tid)

Ein ven konstruksjon som tyder "i stad", "nettopp", "akkurat", altså det har med tid å gjera.

Eksempel:
"- Ha ru sett'n Baor? - Ja, 'n kom i rista!"

kreksa

Substantiv (f.)

Ordet brukast om ein stygg buskvekst som ikkje ser ut, t. d. eit juletre som er angripen av sjukdom eller tilsvarande.
Det kan gjerne brukast om folk òg.

Eksempel:
"Detta ekje ei rosebusk, de e' ei føbanna kreksa!"

laott

Substantiv (f.)

Ikkje så hakkande vanskeleg dette. Ein kjenner jo ordet "låt" som ofte vert nytta av dei som tykkjer det er tøffare enn å bruka ordet "song". I Sogn heiter det derimot "laott".

Eksempel:
"Kan du spela ei laott pao 'na gittari?"

søndag 6. april 2008

å skåfta

Verb

Dette tyder 'å skulka' eller 'å hoppa over', altså å late vere å gjera noko som ein burde eller skulle.

Eksempel:
"Haru skåfta skuln no att? Ikkje rart du e so inkjevetta."

å møast

Verb

Ordet "møye" (tyder 'strev') finn ein faktisk i nynorsk-ordbøkene, og er ikkje så radt sjeldan å møte på. Verbet har eg personleg ikkje høyrd andre plassar enn i Sogn, men det er vel neppe noko ein finn utelukkande her. Uansett, det er ikkje eit sjeldant uttrykk.

"Å møast" tyder 'å slite, streve, plagast' med noko. Noko som er ei møa (eller møye, som det står i boken).

Eksempel:
"Uff, no ha e møyddest i haila dag me datamaskini"